Om meg:

Eg tok sveinebrev i treskjering på Hjerleid (lenke til hjerleid.no) i 2004. I fem år dreiv eg med treskjering og omsetjing på Dovre i firmaet mitt, Trespråk. I nokre år jobba eg som lærar, men i 2022 starta eg Trespråk på nytt i Arendal sentrum.

Språk har eg drive med i mange år, som omsetjar av latvisk og estisk, og som lærar i norsk som andrespråk. Men treskjering har for meg blitt eit språk eg kan uttrykkje meg gjennom. Eg er kunstnar av natur, utdanna i handverk, og i ferd med å gjere handverket til kunst.

I 2008 hadde eg arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd: Folkekunststipendet (lenke til Norsk kulturråd). Eg reiste til Riga og Paris, og eg arbeida eitt år i Riga med å utforske jugendstil og rokokko.

Om Trespråk:

Trespråk er kommunikasjon. Har du ein idé om noko i tre, noko du ikkje kan få kjøpt? Då kan vi snakke om det. Det eg lagar for hand, får eit uttrykk. Oppgåva mi er å lage noko som utrykkjer det du ønskjer. Eg er ein tolk for idéane dine, og språket er tre.

Eg lagar utsmykking og gjenstandar med utsmykking, og restaurerer/reparerer gjenstandar med treskjering.

Produkt:

Ordet treskjering får dei fleste til å sjå føre seg bondemøbel med krullskurd, eller nasjonalromantiske drakehovud. Men treskjering er alt du kan skjere ut i tre. Eg er opplært i ein norsk tradisjon, men eg ønskjer å sprengje grensene for stivna stilartar. Treskjering for folket. Treskjering på gateplan. Treskjering i tida, der folk er.

På Pinterest ligg bilete av mange gjenstandar eg har laga – stort og smått, her finn du vegleiande prisar for liknande produkt. Her finn du idéar om kva eg kan lage, men eg lagar dine idéar, og uttrykkjer dine tankar.

Besøk min pinterest her: https://no.pinterest.com/Tresprak/

Prosessen:

LØYSING PÅ HJERNETRIM

KLIKK PÅ BILDET FOR LØYSING PÅ HJERNETRIM.
For deg som har kjøpt denne.

Kontaktinformasjon
Følg meg

Send en melding